Hopp til hovedinnhold
Det nye skulebygget på Vabakkjen

Velkommen til Stord vidaregåande skule

Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege- og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Me ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen. Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN

Foreldremøte for føresette til VG2-elevar på studieførebuande

Velkommen til foreldremøte for VG2 Studiespesialisering, Idrettsfag, Medium og kommunikasjon og Musikk, dans og drama, tysdag 3.februar. Møtet finn stad på den nye skulen på Vabakkjen, klokka 1800 – 1930. Meir info om møtet og korleis ein melder seg på får du ved å klikke på lenkja under.
Nærbilete av eit søknadsskjema og tuppen på ein pen

Hugs søknadsfrist til vidaregåande skular - 1. mars

Søknadsfristen for ordinære elevar til videregående opplæring og formidling til læreplass er 1. mars. Har du spesielle behov er søknadsfristen 1. februar. For å søke går du inn på vigo.no

Aktuelle saker

21.01.2026

Nytt varemottak på Saghaugen

På Saghaugen har det mangla ein tilrettelagt stad der transportbyråa har kunne setje frå seg varene dei skal levere til skulen. No har derimot eit nytt varemottak sett dagens lys. Nyleg var det offisiell opning av det nye mottaket.

Dame som klypper snor i samband med opninga av nytt varemottak
19.01.2026

Utdanningsmessa i Sunnhordland 2026

Tradisjonen tru arrangerer Stord Rotary Klubb utdanningsmesse på Vikahaugane dette året også, og Stord vidaregåande skule er som vanleg på plass, saman med 72 andre utstillarar.

Ein lærar på utdanningsmessa som informerer om skulen sitt tilbod til to ungdomar
12.01.2026

Ungt Entrepenørskap vitja business-klassen på vg1 studiespesialisering

På fagdagen fredag 9.januar hadde elevane som går business besøk av Karina K Agasøster i Ungt entreprenørskap. Agasøster leia ein ideutviklingsprosess med elevane, før dei i grupper fekk jobba med å utvikla forretningsidear.

Elevar på vg1 studiespesialisering med fordjuping innan business som har fagdag