Medium og kommunikasjon

 Medium og kommunikasjon

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Kvifor velje medium og kommunikasjon?

I løpet av tre skuleår får du jobba med film, fotografering, animasjon, journalistikk, lyd, nettsider og sosiale medium, for å nemne noko.

Mediefaga kombinerer du med dei vanlege fellesfaga som norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving. På denne måten vil du etter tre år få generell studiekompetanse som gjer at du kan studere ved universitet og høgskule etterpå. 

På medium og kommunikasjon prøver me å gjere undervisninga så praktisk som mogeleg: først grunnleggjande opplæring i klasserommet, deretter praktisk arbeid med kamera, lydutstyr, teiknebrett, profesjonelle redigeringsprogram med meir.

Første skuleåret, vg1

Utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon består av dei to faga medieuttrykk og mediesamfunn. I medieuttrykk vil du lære om idéutvikling, grunnleggjande fotografering, marknadsføring, illustrasjonsarbeid, film, lyd og journalistikk. Målet er å gje deg ei innføring i korleis ein lagar ulike medieprodukt.

Faget mediesamfunn handlar mellom anna om reglar og lover som gjeld, til dømes når ein legg ut innhald på sosiale medium. Du vil òg lære om mediene sine roller i samfunnet og kva dei har å seie for demokratiet vårt.

På VG1 kan ein velje mellom praktisk og teoretisk matematikk.

Andre skuleåret, vg2

Det andre året byggjer vidare på det du lærte på vg1. Dei fleste emne frå det første året er framleis med, men no går ein endå djupare ned i kva som er lurt å tenke på når ein lagar produksjonar innanfor dei ulike mediene. Du vil òg lære å bruke dei ulike redigeringsprogramma på eit meir avansert nivå.

Nye ting som du mogleg vil lære dette året er å lage animasjonar, prototyping av apps og fjernsynsproduksjonar/streaming.

I tillegg til dei to faga medieuttrykk og mediesamfunn, kjem du på vg2 til å ha faget grafisk design. Faget tek for seg korleis brukar designprogram til å utforme illustrasjonar, reklametrykk og interaksjonsdesign.

Tredje skuleåret, vg3

Me vidareutviklar kunnskapane frå dei to første skuleåra og arbeider i større grad med valfrie prosjekt.

Du lærer dataprogram på eit meir profesjonelt nivå, og arbeider meir avansert med idéutvikling, kommunikasjonsmodellar og stilartar.

Dette året vil du i tillegg til faga medieuttrykk og mediesamfunn også ha faget Bilete. Her vil ein gå enda grundigare inn på korleis ein brukar fotokameraet til å oppnå bestemte uttrykk når ein tek bilete i studio og på location. Du vil òg lære meir om korleis ein lagar film innanfor ulike sjangerar.

Foto: Frode Fjellanger

Vegen vidare

Elevar som går på medium og kommunikasjon får gode føresetnader til å kunne profesjonsutdanne seg innanfor journalistikk, film, fotografi og grafisk design. 

Etter fullført utdanning kan du søkje opptak til høgare utdanning. Dette gjer du gjennom samordna opptak.