Musikk, dans og drama

Teaterframsyning

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Kvifor velje musikk, dans og drama?

I løpet av tre år vil du få høve til å vera med på musikaloppsetjing, korprosjekt med orkester og profesjonelle utøvarar, planlegge og delta i mindre musikk-og sceniske prosjekt. På vg3 reiser me på studietur til utlandet. Du får god trening i å opptre og utvikle evnene dine i eit trygt miljø prega av fellesskap og samarbeid.

Første skuleåret, vg1

På vg1 får du både teoretisk og praktisk musikkopplæring i tillegg til allmennfaga.
Du vel eit fordjupningsinstrument/song som du får undervisning i ein gong i veka. Det er lurt å velja noko du har erfaring i frå før. I tillegg får du undervisning i bruksinstrument, til dømes piano og song. Andre emne/fag i vg1 er kor, samspel, dans og drama.
På vg1 kan du velje mellom praktisk og teoretisk matematikk.

m1.jpg

Andre året, vg2

På vg2 held du fram med fordjupningsinstrument og bruksinstrument. I faget Musikkfordjuping 1 kombinerer ein teoretisk og praktisk kunnskap. Me arbeider med ulike konsertprosjekt, trenar gehøret, komponerer eigen musikk og arrangerer for ulike besetningar.
I Musikk i Perspektiv 1 blir me kjende med ulike sjangrar og praksisar i notid og fortid.
Du kan velja fordjuping i matte(R1) dette året.

m8.jpg

Tredje året, vg3

Du held fram med fordjupningsinstrumentet ditt.
Musikk fordjupning 2 er eit valfag der ein kan vidareutvikle seg innan gehørtrening, komponering, arrangering og formidling.
I Musikk i perspektiv 2 held ein fram med å studere musikkhistorie.
I faget instruksjon og leiing lærer du å leia/administrera oppsetjingar og å dirigera ulike ensembler.
På vg3 reiser me på studietur til ein europeisk storby. Den blir finansiert gjennom inntekter frå diverse elevkonsertar og gjev spanande opplevingar som ein elles ikkje får i nærmiljøet.
På vg3 kan du velja Fysikk 1. Saman med R1 matte i vg2 gjev dette tilgong til vidare utdanning som har ekstrakrav.

m3.jpg
m2.jpg

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du også informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.