Hopp til hovedinnhold

Nye linjer ved Stord vgs

Sandblåsing

Frå hausten av vil to nye linjer kome i gang på skulen vår. Den eine er vg2 klima, energi og miljøteknikk. Den andre er vg2 overflateteknikk.

Elevane som fullfører vg2 klima, energi og miljøteknikk i det komende skuleåret vil ha molegheiter til å søke læreplass innfor isolatørfaget, tak,- og membrantekkjarfaget eller ventilasjons- og blekkslagarfaget.

For elevane som har søkt seg inn på vg2 overflateteknikk og som tek eksamen til våren vil det vere mogleg å søke seg læreplass innanfor industrimålarfaget eller målar og overflateteknikkfaget.

Det er stor etterspurnad etter fagarbeidarar innan desse faga så elevane som har vald dei ovannemnde vg2-løpa vil vere ettertrakta arbeidskraft i framtida. I Vestland fylkeskommune vil Stord vgs ha det eiaste tilbodet om utdanning innafor overflateteknikk, så her vil nok mange bedrifter spørje etter lærlingar.