Bygg- og anleggsteknikk

 Bilete frå verkstad

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Om du likar at arbeidsdagen er variert, vil sjå synlege resultat av ditt arbeid, gjerne arbeid som blir ståande i årevis som et blikkfang for andre, då er bygg- og anleggsteknikk noko for deg!

Arbeidet er variert, og går føre seg både innandørs og utandørs. Du får jobbe aleine og saman med andre. Du får ei unik arbeidserfaring som er ettertrakta blant leiarar og ingeniørar i byggebransjen om du vidareutdannar deg.

Bygg- og anleggsteknikk, Vg1

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk gjev grunnlag for opplæring i eit av dei faga som utdanningsprogrammet består av. Gjennom utplassering får du allereie første året høve til å arbeide med eit fag du likar innan bygg og anleggsteknikk i ei verksemd du sjølv vel. Du får ei utplassering på hausten og ei på våren. Perioden varer to veker kvar gong. Slik får du testa ut om eit fag passar for deg. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Tømrar, Vg2

Stord vidaregåande skule tilbyr vg2 Tømrar. Opplæringa er i stor grad basert på reelle oppdrag som vert gjennomført ute på byggeplassar. Du har utplassering i bedrift både på hausten og på våren. Perioden varer 3-4 veker kvar gong. Dette er ein fin måte å bli kjent med lærebedriftene og tømrarfaget på.

Klima, energi og miljøteknikk Vg2

Dette er eit nytt tilbod for skuleåret 2023-2024 oppretta i samarbeid med næringsliv og opplæringskontor. Etter Vg2 kan du søkja læreplass innan desse faga:

  • isolatørfaget
  • tak,- og membrantekkjarfaget
  • ventilasjons- og blekkslagarfaget

Det er stor etterspurnad etter fagarbeidarar innan desse faga så dei som vel dette kan verta ettertrakta arbeidskraft i framtida.

Overflateteknikk Vg2

Nytt for skuleåret 2023-2024 er at me vil ha tilbod om Overflateteknikk Vg2. Dette tilbodet er oppretta i samarbeid med næringsliv og opplæringskontor. Etter fullført Vg2 kan du søkja læreplass i desse faga:

  • industrimålarfaget
  • malar, og overflateteknikkfaget

Dette er einaste tilbodet om overflateteknikk Vg2 i Vestland fylke så dei som vel dette kan oppleva gode moglegheiter framvover.

 

 

Elevar i verkstad

Vegen vidare

  • Etter to år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift.
  • Du kan ta meisterbrev i faget ditt. Meir om meisterbrev.
  • Du kan ta teknisk fagskule.
  • Du kan gå y-vegen til høgskule eller universitet, på utvalgte utdanningar innan byggebransjen, utan å ta studiekompetanse. Sjå oversikt fag i denne ordninga her.
  • Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studera vidare på høgskule/universitet.

 

Opplæringskontoret Byggopp organiserer inntaket av læringar for sine medlemsbedrifter. Fleire av dei ligg i regionen vår.