Hopp til hovedinnhold

Comalapabesøk

Sosiologi-elevar saman med to jenter frå Comalapa

Banda som Stord kommune har til venskapskommunen Comalapa i Guatemala er framleis sterke. Elevane her på skulen bidreg inn i dette samarbeidet ved å samle inn pengar gjennom den årelege Solidaritetsdagen. Pengar som vert brukt til utdanningsstipend for fattigstilte ungdom der nede. Jamnleg dreg representantar for dei to kommunane på vitjing til einannan, og akkurat no er det ein delegasjon frå Comalapa som er her på øya.

To av dei som er med på turen frå Guatemala denne gongen er Sara og Jhoselyn, begge i tjueåra og framleis under utdanning. Nyleg var dei to innom skulen for å sjå på korleis undervisninga føregår her i Norge og for å bidra til å fortelje om korleis det er i heimelandet deira. I faget sosiologi var dei innom klassen og snakka om presidentvalet som vart avholdt i Guatemala sist haust. Sosiologielevane fekk vite om kva politiske saker som var oppe i valkampen og korleis det har gått med landet 100 dagar etter at den nye presidenten kom til makta. Dei to frå Comalapa fekk også spørsmål om korleis kvardagen deira er og korleis den vesle løna som dei får frå å drive med handarbeid (særleg veving) strekker til. Sara og Jhoselyn uttrykte stor takksemd for bidraget som elevane på Stord står bak ved å samle inn pengar til utdanningsstipend for ungdom der nede.