Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Elevar som er samla på biblioteket

Skulebiblioteket her ved Stord vgs. finn du i kjellaren på Saghaugen. Her får du låne lærebøker og anna litteratur som kan vere av interesse. Biblioteket har i tillegg ein sofakrok, nokre gruppebord og enkelte studieplassar mellom reolane.

Opningstider

Skulebiblioteket er ope frå kl. 08.00 - 15.00 måndag til fredag.

Lånereglar

Alle elevar og tilsette kan få låne lærebøker, romanar, fagbøker, DVD-ar, lydbøker, teikneseriar m.m. Innlån frå andre bibliotek er diverre ikkje mogleg. Søk gjerne i katalogen vår etter det materialet som du treng.

Lånetida er 28 dagar, med unntak av lærebøker (lånetid = heile skuleåret). Utlånet kan fornyast ved å ta kontakt med bibliotekaren eller du kan gjere det sjølv ved å logge deg inn på “Min side”.

Elektronisk lånekontrakt

Alle nye elevar som startar ved Stord vgs. i august må skrive under på ein elektronisk lånekontrakt for å få lånt lærebøker. Kvitteringa som du får på e-post etter å ha signert kontrakten skal visast til bibliotekaren før du får låne bøker. Til å signere kontrakten treng du MinID, BankID, BankID på mobil eller liknande.

E-lån

Ved å bruke appen frå Bookbites kan du låne e-bøker som du kan laste ned til datamaskina, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Reglar i biblioteket

Biblioteket er eit sosialt rom og det er lov å prate, sove, ete (ikkje varmmat), bruke PC – så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro og held orden. Bruk difor innestemme og gå ut dersom du treng å snakke i mobiltelefon. Skal du sjå videoar eller lytte til musikk må du bruke headset. Spør i skranken om du ønsker å låne headset. 

Erstatning

Du er sjølv ansvarleg for medium som du har lånt. Tapt eller øydelagt materiell må erstattast. Får du to purringar og likevel ikkje leverer inn det aktuelle materialet som du har fått purring på, blir det sendt ut rekning etter gjeldande erstatningssatsar. Etter at rekning er sendt ut, er det ikkje lenger mogleg å levere inn bøker for å få rekninga sletta.

Bibliotekaren

Skulebibliotekaren vår, Egil Vadla, er stort sett tilgjengeleg i biblioteket på Saghaugen. Han hjelper deg med utlån av både lærebøker og anna litteratur. Spør han gjerne om det er noko du lurer på.

Egil Vadla

Spesialrådgjevar
Egil.jpg