Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesjukepleiar om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med.
Helsesjukepleiar
Saghaugen
Helsesjukepleiar på Saghaugen er Randi Vik. Ho har mobilnummer 457 30 847 eller nytt epost: Randi.Vik@stord.kommune.no. Ho er tilgjengeleg for elevar måndagar, onsdagar og torsdagar 08-15. Kontoret hennar finn du på rom C311.
Vabakkjen
Helsesjukepleier på Vabakkjen er Elisabeth Halland Lunde. Du kan nå henne på mobil 456 59 860. Ho har kontortid på måndagar og torsdagar mellom kl. 08-15, og kontoret henner finn du ved sida av rådgjevarane inne hos Elevtenesta.
Føretrekt måte å kontake helsesjukepleiar på er via SMS, men unngå sensitiv informasjon.
Her er døme på noko av det du kan ta opp i samtalen med helsesjukepleiar:
- Rettleiing eller hjelp direkte i spørsmål som har med helse og kroppslege plager å gjere
- Søvn, fysisk aktivitet, kosthald
- Psykiske vanskar, depresjon, angst, sinne, sjølvskading, vonde tankar og følelsar
- Konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
- Spørsmål om seksualitet, samliv og prevensjon
- Spørsmål om kjønnssjukdommar, abortspørsmål
- Vanskelege forhold til kosthald, stress, vektproblem, mat og eting,
- Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien eller andre typar familieproblem
- Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
- Utsett for (eller vitne til) vald og/eller overgrep.
- Bekymring for ein venn.