AMO-Sveisekurs - kontinuerleg inntak - ledige plassar
Stord vidaregåande skule arrangerer til ei kvar tid ulike AMO-kurs i samarbeid med NAV. For å kunne søkje på eit kurs, må du ta kontakt med NAV. AMO-kurs er for deg som er arbeidsledig og over 19 år.
AMO-kurs me tilbyr i samarbeid med NAV
Sveisekurs, kontinuerleg oppstart. Kurset har 12 kursplassar, og så snart ein er ferdig med opplæringa, tek me inn ein ny deltakar. Kurset gir opplæring i sveising på ulike nivå, og i ulike metodar, mellom anna:
-
- 111 elektrodar
- 136 rørtråd
Alle kurselevar får tilbod om eitt sveisesertifikat,og kurstida for den enkelte kursdeltakar varierer frå ei veke til 25 veker. Opplæringa går føre seg i Aker Solutions si opplæringsavdeling på Eldøyane, og det vert undervist dagleg frå 07.00-15.00. Det meste av aktiviteten skjer i verkstaden, utanom 5 t i veka med sveiseteori. Kurset har ingen teoretisk prøve, kun praktisk prøve. Deltakarar vert oppmoda om å melde seg opp til privatisteksamen i sveisefaget.
Akvakulturkurs, 18 vekers kurs. Kurset fører fram til privatisteksamen i vg3 Akvakultur, og passar for deg som ønskjer jobb innan oppdrettsnæringa. Kurset består av 12 veker teori og 6 veker praksis i bedrift. Me samarbeider tett med næringa, og legg vekt på praktisk og variert undervisning. Mellom anna kjører me delar av opplæringa ute på flåten til Engesund Fiskeoppdrett og visningssenter. Me har òg inne instruktørar frå næringa for å undervise på kurset. Du treng ingen kunnskapar i faget for å starta på kursa våre. Etterspørselen etter arbeidskraft varierer, men i hovudsak viser det at om du har motivasjon og pågangsmot, så styrkar dette sjansane dine for å få jobb. Det er ikkje sett opp vårkurs i akvakultur, neste kurs startar eventuelt i august 23. Ta kontakt med NAV om du er interessert.
Tømrarkurs, 18 vekers kurs. Kurset fører fram til privatisteksamen i vg3 Tømrarfaget, og passar for dei som ønskjer å bli tømrarar. Kurset består av 14 veker praktisk og teoretisk opplæring, samt 4 veker praksis i bedrift. Me samarbeider tett med lokale tømrarbedrifter, og legg vekt på praktisk og variert undervisning. I slutten av kurset kjører me intensiv eksamenstrening. I løpet av opplæringa byggjer me m.a. boder, og tek på oppdrag for kundar om me har tid. Du treng ingen kunnskapar i faget for å starta på kursa våre. Etterspørselen etter arbeidskraft varierer, men i hovudsak viser det at om du har motivasjon og pågangsmot, så styrkar dette sjansane dine for å få jobb. Fleire av kursdeltakarane våre søkjer læreplass etter avslutta kurs. Det er ikkje sett opp vårkurs i tømrarfaget, neste kurs startar eventuelt i august 2023. Ta kontakt med NAV om du er interessert.
Ønskjer du plass på eit AMO-kurs?
Det er NAV som administrerer kursa, og er du interessert i eit AMO-kurs må du ta kontakt med NAV. Du finn nyttig informasjon på NAV si heimeside, eller ved å ta kontakt med rettleiaren din. Lurer du på noko vedrørande kurs, må du gjerne ta kontakt med oss.
Har du fått plass på eit AMO-kurs?
I inntaksbrevet frå NAV står det kor du skal møta første kursdag. Du får og ytterlegare informasjon om kurset frå NAV, eller ved å venda deg til oss.
Har du behov for innkvartering?
Kursdeltakarar har gjerne behov for ein stad å bu i kurstida. Det finnest mange mogleikar for innkvartering, alt frå rimelege hybelhus til private husvære. Eit google-søk kan gi resultat, ta kontakt med oss om du treng hjelp.
Trivsel og miljø
Det er viktig for oss at du trivest og finn deg godt til rette! Me gler oss til å bli kjend med deg og håpar du får mykje ut av kurstida, både fagleg og sosialt. Me har tillitsvalde på alle kurs, og me legg til rette for aktivitetar som fremjar trivsel og god læring.
Det kan vere særs spennande å setje seg på skulebenken i vaksen alder, men me veit at det kjem til å gå heilt fint. Godt samarbeid og god dialog er viktig.