Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Gode kunnskapar i norsk språk og kultur er viktige føresetnader for å lykkast i vidaregåande opplæring. Du kan gå eitt eller to år på innføringskurs. Målet er at du skal nå nivået B1+ i norsk, slik at du får eit godt språkleg grunnlag for å starte på eit ordinært utdanningsprogram i vidaregåande skule.
Kva er innføringskurs?
Innføringskurs er eit tilbod til minoritetsspråklege ungdommar i alderen 16–18 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som enno ikkje har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje ordinær undervisning.
Hovudfokuset på innføringskurset er å utvikle munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk. I tillegg kan du få opplæring i fleire andre fag. Alle elevar blir kartlagde ved oppstart, og undervisninga blir tilpassa det språklege nivået og behova til kvar enkelt elev. Målet er at elevane skal nå nivå B1+ i norsk ved slutten av kurset.
På innføringskurs får du også kunnskap om det norske utdanningssystemet. Gjennom året arbeider elevane med ulike prosjekt for å bli kjende med yrke, arbeidsliv og utdanningsvegar. Du kan òg få høve til å hospitere på eitt eller fleire utdanningsprogram for å utforske eigne interesser og få eit betre grunnlag for vidare utdanningsval.
Klassane har om lag 15 elevar, og undervisninga går frå kl. 08.00 til kl. 13.40 kvar skuledag.
Innhald på innføringskurs
Innhaldet blir tilpassa elevane sine føresetnader og språknivå.
Fellesfag på innføringskurs:
- Norsk
- Engelsk
- Samfunnskunnskap
- Matematikk
- Naturfag
- Kroppsøving
Vi legg til rette for at elevar med høgt språknivå kan hospitere på eit valfritt utdanningsprogram i ein periode dersom dei ønskjer det.
Kven kan søkje
For å søkje om plass på innføringskurs må du:
- ha fylt 16 år
- ha lovleg opphald i Noreg
- ha fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring
Kontinuerleg inntak
Innføringskursa har kontinuerleg inntak gjennom skuleåret.
Lokale
Innføringskursa vert haldne i skulen sine lokale på Saghaugen (modulbygget).




