Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kvifor velje påbygging til generell studiekompetanse?

Dersom du har planar om å studera på høgskule kan påbygg vera noko for deg. Faga på vg3 Påbygging til generell studiekompetanse er krevjande, og  du som søkjer påbygg må vera motivert for mykje teori. For å få generell studiekompetanse, er det ein føresetnad at faga frå påbygg er bestått. Fleire studie har karakterkrav høgare enn dette. Du bør ha gode karakterar frå fellesfaga på vg1 og vg2 som grunnlag for å gjennomføra dette året. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet.

Tredje skuleåret, vg3

Påbygging til generell studiekompetanse er lokalisert på skulen si avdeling på Saghaugen. Her finn du òg eit rikhaldeg skulebibliotek der du har høve til å arbeide i fred og ro med skulefaga. Timeplanen vår inneheld fagdagar, noko som gjev gode høve til ekskursjonar og temadagar i dei ulike faga.

Timeplanen på påbygg ser slik ut:

  • 10 timar norsk
  • 5 timar historie 
  • 5 timar matematikk
  • 3 timar naturfag
  • 2 timar kroppsøving
  • 5 timar valfrie programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering
_MWF5357.jpg

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. I utgangspunktet kan du søkja alle studier som har opptakskrav GENS i studieoversikta.