Hopp til hovedinnhold

Punk revival av elevane på tilrettelagt opplæring.

Konsert med Tilrettelagt opplæring

Punk handlar om å ha den rette innstillinga og å gi litt blanke i konsekvensar og kva andre måtte meine om det ein held på med. Elevane på tilrettelagt opplæring innhar alle desse kvalitetane, og det passa difor bra at punksjangeren var utgangpunkt for den tradisjonelle vårkonserten som dei nyleg avheldt.

På konserten vart det framført norske versjonar av punkklassikarar frå Ramones, Clash, Green day, så vel som Talking Head. Så får ekspertane diskutere om Talking Heads eigentleg er New Wave heller enn punk.

Det var også plass til nokre heilnorske innslag av mellom anna De Lillos og Jokke og Valentinerne. Songane fenga heilt tydeleg hjå publikum, som gav ståande applaus då siste nummeret var over.