Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

 To elevar som ser i mikroskop

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering hos oss?

Studiespesialisering gir deg stor valfridom når du skal søkje vidare studie på høgskule eller universitet. Som elev på studiespesialisering vil du få ein aktiv og spennande skulekvardag. Me har fleire parallelle klassar på studiespesialisering og me tilbyr ei rekkje programfag. Hos oss finn du eit godt utstyrt skulebibliotek og me har eit fagdagsystem som opnar opp for ekskursjonar og temadagar.

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vg1 Studiespesialisering

Dette året er felles for alle som vel studiespesialisering. Det er først på vg2 at du vel mellom realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi.

På vg1 må du velje eit framandspråk. Skulen tilbyr tysk, spansk og fransk på ulike nivå.  Det framandspråket du vel på vg1 held du fram med på vg2. Ta kontakt med skulen om du treng meir informasjon.

Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen, vil halda fram med framandspråk på vg3.

På vg1 kan du velje mellom praktisk og teoretisk matematikk.

Vg2 Studiespesialisering

På vg2 vel du fordjupning innan to fag frå programområdet ditt. Det tredje fordjupningsfaget kan du velje frå andre programområde.

Realfag

Her kan du velja mellom:

  • Matematikk R1
  • Matematikk S1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1
  • Geofag 1
  • Teknologi og forskningslære 1

 

Språk, samfunnsfag og økonomi

Her kan du velja mellom:

  • Engelsk 1
  • Økonomistyring
  • Samfunnsøkonomi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Psykologi 1
  • Matematikk R1
  • Matematikk S1

Vg3 Studiespesialisering

På vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag.

Realfag

  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Biologi 2
  • Geofag 2
  • Teknologi og forskingslære 2

 

Språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg3 kan du velje mellom:

  • Engelsk 2
  • Økonomistyring og leiing
  • Samfunnsøkonomi 2
  • Psykologi 1 og 2
  • Engelsk 1 og 2
  • Sosialkunnskap
  • Matematikk R2
  • Matematikk S2
Elev som tek notat frå ein naturfagstime

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkjeopptak til høgare utdanning. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.