Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

To elevar som står framom CNC-maskin

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr? Då kan programområdet Teknologi- og industrifag vera noko for deg. Teknologi- og industrifag er utdanningsprogrammet som gjev deg flest ulike moglegheiter vidare.

Eit fagbrev innan eit av desse faga gjev deg gode moglegheiter for jobb i vår region og elles i landet. Det gjev deg og høve til å utdanna deg vidare til dømes med Teknisk fagskule eller Ingeniørskule.

Teknologi- og industrifag, vg1

På vg1får du læra dei grunnleggjande kunnskapane du treng for å arbeida innan teknologi- og industrifag, slik som sveising, dreiing, fresing, måling,  teknisk teikning og dokumentasjon. Du vil òg få opplæring i produksjon og reparasjon. Etter vg1 kan du velje mange ulike retningar på vg2. På Stord vgs tilbyr me følgjande:

  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Kjøretøy
  • Vg2 Automasjon

 

Her er nokre populære tilbod du kan søkje på andre skular:

  • Vg2 Maritime fag
  • Vg2 Transport og logistikk
  • Vg2 Anleggsteknikk

Industriteknologi, vg2

Industrien i regionen vår har lange tradisjonar for å lage produkt i verdensklasse. Til dette treng dei verdens beste fagarbeidarar. Vil du vera med på dette så er vg2 Industriteknologi eit godt val.

I løpet av dette skuleåret er elevane fire veker i praksis i bedrift. Dette blir gjennomført som to periodar på to veker. I løpet av desse periodane er det mange som ordnar seg læreplass.

Dette er linja som fører fram til dei tradisjonelle lærefaga sveisar, platearbeidar, aluminiumskonstruksjon og industrirøyrleggjar.

 

Køyretøy, vg2

På køyretøy tilbyr me opplæring i ein moderne og godt utrusta verkstad, der bruk av digitalt verktøy står sentralt i undervisninga. Du vil få opplæring i motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, hjulutrustning, karosseri, bransjelæra og kundebehandling.

Skulen vår har god kontakt med bedrifter i Sunnhordlands- og Haugesundsregionen. Me legg til rette for at du som elev er i praksis i bedrift i to 14-dagars periodar. Dette gir deg gode moglegheiter til å knytte kontaktar, som igjen kan vere avgjerande for kor du får læreplass.

Etter vg2 kjøretøy kan du søkje læreplass innan lette kjøretøy, tunge kjøretøy, motormekanikerfaget, motorsykkelfaget, dekkutrusningsfaget og reservedelsfaget.

Bilete av ulike typar sveis

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass. 

Du kan òg ta Påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule eller universitet.

Mange får læreplass gjennom Ytre Sunnhordland opplæringskontor