Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Opplæringstilbod 2023-24
Her er tilboda til vaksne skuleåret 2023-24.
Me tilbyr gratis opplæring i faga du treng for å få generell studiekompetanse etter 23/5 regelen. Faga er fordelt over 2 år.
Fagtilbodet kan endre seg når vi ser kva behov du som søkar har. Søk derfor så snart du kan og gi opp kva fag du treng.
Vi vurderer å sette opp nokre av faga på kveldstid. Når du søker kan du skrive i kommentarfeltet om du ønsker dag eller kveld.
Skuleåret 2023-24
- Norsk, dagtid, 2 vekedagar + nokre fredagar
- Historie, dagtid, 2 vekedagar + nokre fredagar
- Matematikk 1p og 2p tysdag ettermiddag / kveld
- Naturfag måndag ettermiddag / kveld
Alle fag kan få noko undervisning fredag på dagtid.
Me tek atterhald om endringar.
Informasjon om timeplan og frammøte kjem på nettsida når timeplanen for skulen er klar.
Skuleåret 2024-25
- Samfunnskunnskap
- Engelsk
Me tek atterhald om endringar.
Oppstart i veke 36
Startar: September 2023 i veke 36
Omfang: 2-4 dagar avhengig av kor mange fag du skal ta
Stad: Stord vgs, Saghaugen
Tidsramme: 8.00 til 15.00 (dagtid) eller 15.00 til 21.00 (ettermiddag / kveld)
Me tilbyr generell studiekompetanse over to år, noko som gir redusert studiebelasting. Kvart studiekompetansefagfag kan gå over 1-3 dagar avhengig av timetal.
Dersom du likevel vil søke om å ta alle faga på eitt år må du rekne med full studiebelasting 5 dagar i veka.
Språktest
All undervisning er på norsk og me tilrår nivå B1 før du startar. Er du minoritetsspråkleg vil vi kalle deg inn til språktest før du får plass.
Spør oss
Dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne kan du kontakte oss på e-post
Me tilbyr opplæring i helse- og oppvekstfag Vg1 for vaksne. Du får opplæring i programfaga og fellesfaga. Opplæringa startar i august, dato kjem. Du må møte på skulen 3-4 dagar i veka. Den femte dagen kan du bruke til å jobbe praktisk innan helse- og oppvekstfag. Du må sjølv skaffe praksis.
Etter fullført Vg1 kan du søke vidare på helsearbeidarfag Vg2 på Stord vgs. Deretter kan du søke læreplass i 2 år for å ta fagbrev som helsefagarbeidar.
Det er og mogleg å søke vidare på Vg2 barne- og ungdomsarbeidar. Skulen tilbyr ikkje dette faget, men du kan søke Vg2 på ein annan skule.
Tid og stad
- Start: September 2023, veke 36
- Stad: Stord vgs, Saghaugen
- Tid: Klokka 8.00 til 15.00, 3-4 dagar i veka.
Ein vekedag er sett av til eigen praksis.
Programfaga
- Helsefremmande arbeid
- Kommunikasjon og samhandling
- Yrkesliv i helsearbeidarfag
Fellesfaga
- Naturfag
- Matematikk 1-py
- Engelsk
I tillegg må du ha inntil 210 timer relevant praksis for å få godkjent faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) på Vg1. Du kan bruke tidlegare praksis eller sjølv finne relevant praksis i løpet av skuleåret.
Krav til praksis i faget
Du treng godkjenning av faget yrkesfagleg fordjuping for å få godkjent opplæringa og søke læreplass i faget. Då treng du relevant yrkeserfaring i helse- og oppvekstfag. Kravet på Vg1 er 210 timer dersom du skal få faget godkjent som privatist. På Vg2 er kravet 316 timer. Du kan bruke tidlegare praksis eller skaffe praksis undervegs i utdanninga.
Les meir om krav til yrkesfagleg fordjuping her.
Språktest
All undervisning er på norsk og me tilrår nivå B1 før du startar. Er du minoritetsspråkleg vil vi kalle deg inn til språktest før du får plass.
Spør oss
Dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne kan du kontakte oss på e-post
Me tilbyr opplæring i Vg2 helsearbeidarfag, 3-4 dagar i veka. Ein dag i veka er sett av til eigen praksis. Denne må du skaffe sjølv. Etter fullført Vg2 kan du gå to år i lære for å ta fagbrev som helsefagarbeidar.
Du må fullføre Vg1 helse- og oppvekstfag for å få plass på Vg2.
Undervising
- Oppstart: September 2023, veke 36 (dato kjem)
- Omfang: 3-4 dagar i veka på skulen over eitt år
- Tid: Klokka 8.00 - 15.30
- Stad: Saghaugen, Stord vgs
Programfag
- Helsefremmande arbeid
- Kommunikasjon og samhandling
- Yrkesliv i helsearbeidarfag
Fellesfag
- Norsk
- Samfunnsfag
I tillegg må du ha 316 timer relevant praksis for å få godkjent yrkesfagleg fordjuping (YFF) på Vg2.
Krav til praksis i faget (YFF)
Du treng godkjenning av faget yrkesfagleg fordjuping for å få godkjent opplæringa og søke læreplass i faget. Då treng du relevant yrkeserfaring i helse- og oppvekstfag. Kravet på Vg2 er 316 timer med relevant praksis dersom du skal få faget godkjent som privatist. Relevans blir vurdert i forhold til læreplan på Vg3. Du kan bruke tidlegare praksis eller skaffe praksis undervegs i utdanninga. På Vg1 er kravet 210 timer for å få godkjent YFF.
Les meir om krav til yrkesfagleg fordjuping her.
Språktest
All undervisning er på norsk og me tilrår nivå B1 før du startar. Er du minoritetsspråkleg vil vi kalle deg inn til språktest før du får plass.
Spør oss
Dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne kan du kontakte oss på e-post
Me tilbyr opplæring i tømrarfag, vg2, for vaksne i kombinert klasse med vaksne og ungdom.
- Oppstart: August
- Tid og varigheit: 5 dagar i veka klokka 8.00 - 15.00
- Varigheit: Eitt år
Etter fullført Vg2 kan du søke læreplass i 2 år og ta sveinebrev som tømrar.
Les meir om opplæring i Bygg- og anleggsteknikk på nettsida til skulen.
Du kan framleis søke på ledige plassar på studiekompetansefaga. Du kan framleis søke på alle fag.
Søkarar med vaksenrett blir prioriterte ved inntak.
Meir informasjon om fagtilboda kjem etter kvart. Vi tek atterhald om at det kan bli endringar i fagtilbodet.
Studierettleiing
Lurer du på korleis du kan fullføre vidaregåande opplæring?
Vi kan hjelpe deg å kartlegge kva fag du treng for å få generell studiekompetanse eller ta fagbrev i eit yrke. Du kan og få svar på spørsmål om realkompetansevurdering og korleis du kan søke opplæring.
Kontakt oss på denne eposten vo.stv@vlfk.no
Du kan og ta direkte kontakt med rådgjevarane for vaksenopplæring i rettleiingstenesta Vestland sør
Agnete Naustdal Aase, e-post: agnete.naustdal.aase@vlfk.no
Torill Berge Nøstvåg, e-post: torill.berge.nostvag@vlfk.no
Meir informasjon om rettleiingstenesta kan du finne her. Rettleiingstenesta - Vestland fylkeskommune
Fleire opplæringstilbod for vaksne
- Restaurant- og matfag, Fitjar vgs
- Kjemi og prosessfag, Odda vgs.
- Skulen organiserer og AMO-kurs på oppdrag.
Alle opplæringstilbod for vaksne i Vestland fylkeskommune
Her kan du søke
Du kan søke via søkemotoren vigo.no. Huske å velje søknad for vaksne / realkompetansevurdering. Det er Vestland fylkeskommune som handsamar søknaden. Her kan du lese meir om søknad og inntak.
Målgruppa er vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring og har vaksenrett, men alle kan søke. Opplæringa er gratis for alle om får plass. Søkarar med vaksenrett blir prioriterte.
Du kan søke heile året på alle fag.
Søk helst innan 1. mars.