Elektro og datateknologi

 Koblingsboksar

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje Elektro og datateknologi?

Du kan ta fagbrev som elektriker, automatiker, energimontør, telekommunikasjonsmontør, maritim elektriker med meir. På Vilbli finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Første året  er felles for alle som vel Elektro og datateknologi. Etter dette kan du hos oss søkje deg inn på: 

  • vg2 Elenergi og ekom
  • vg2 Automatisering

 

Det er òg mogleg å søkje enkelte vg2 som kryssløp: 

  • vg2 Industriteknologi
  • vg2 Køyretøy
  • vg2 Maritime fag

Elektro og datateknologi, vg1

På vg1 Elektro og datateknologi lærer du grunnleggjande elektroforståing og samankopling av ulike komponentar. Her vil du få god og praktisk retta elektroopplæring i faga ‘energi og styresystem’, ‘elektroniske krinsar og nettverk’ og ‘yrkesfagleg fordjuping’. Opplæringa inneheld både praktiske og teoretiske oppgåver, lærerike måleøvingar og praktiske koplingsøvingar på installasjonsbrett. Skuleåret gjev deg eit godt grunnlag for å ta eit val om kva vg2-retning du vil gå vidare på.

Elenergi og ekom, vg2

På Stord vidaregåande skule tilbyr me vg2-opplæring til to klassar i Elenergi og ekom. Me kan tilby godt utstyrte lokale og verkstader, der kvar elev får tildelt sin eigen installasjonsbås med eige sikringsskap. Elevane får meir spissa opplæring i ulike elektroinstallasjonar og styresystem i bolig og næring, og kjem innom både enkle og meir avanserte styringar for lys, varme og effektuttak. I tillegg har me god opplæring i ulike motorstyringar, datanettverk og ulike heilhetlige alarmanlegg. I faget Yrkesfagleg fordjuping er elevane utplasserte i verksemder både om hausten og om våren, og det er gode moglegheiter å finna din draumejobb, og mange sikrar seg lærekontrakt i bedrifta dei har vore utplassert.
Dei fleste elevane går direkte ut som lærling i elektrikerfaget anten i industri eller bygginstallasjonar. Det er òg vanleg å bli lærling som energimontør og telekommunikasjonsmontør, eller i lærefaga energioperatør og heismontør. Nokre vel å gå vidare på vg3 Maritim elektro for å satsa på ei karriere som skipselektriker eller  ein kan ta vg3 Påbygging til generell studiekompetanse og sikta seg inn på ei høgskuleutdanning.

Automasjon, vg2

Stord vgs tilbyr heile skuleløpet innan automatisering. Vg2 Automatisering er eit naturleg val etter vg1 Elektro og datateknologi, og er ofte eit naturleg val for elevar som har interesse for automatiserte system, programmering og heilhetlege prosessar. Det er òg mogleg å velje vg2 Automatisering som kryssløp frå TIF, og det vil då bli gitt ekstra opplæring i elektroforståing for desse elevane.
På vg2 Automatisering får du opplæring i elenergisystem, automatiseringssystem og yrkesfagleg fordjuping. Du vil arbeida med kopling, programmering, reguleringsøvingar, pneumatikk og automatiserte styringar.
Etter vg2 kan du bli lærling som Tavlemontør eller ROV-operatør (Fjernstyrte undervannsoperasjoner), men mange vel heller å søkja vg3 Automatisering.

Automatisering, vg3

Vg3 Automatisering er eit skuleår som gjev god progresjon frå vg2 Automatisering. Forutanom kroppøving er heile skuletida fyllt med programfaga som eleven kjenner frå vg2, men i tillegg får elevane på vg3 Automatisering arbeida med ulikt mekanisk arbeid. På vg3 arbeider elevane framleis med regulering og automatiserte system, men òg ein god del robotisering. Etter vg3 Automatisering kan elevane gå ut som lærling i Automatiseringsfaget. Nokon vel å gå vg3 Påbygging til generell studiekompetanse for deretter å ta høgare teknisk utdanning.

Elev som arbeider

Vegen vidare

Etter to eller tre år i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Elektrobransjen sitt opplæringskontor er hovudsakeleg Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor for elekrofag, men nokon viktige industriverksemder tilhøyrer Ytre Sunnhordland Opplæringskontor

Med fagbrev kan søkja fagskule. Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.