Hopp til hovedinnhold

Elevrådet

Elevrådet er skulen sitt viktigaste organ for elevmedverknad. Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane. Kvar klasse stiller med ein representant i elevrådet.

Elevrådet møtest ein gong i månaden. Styret i elevrådet består av sju elevar, og blir vald av elevrådet. Styret blir invitert inn til møte med leiarteamet om lag to gonger i året, eller ved behov. Skuleleiinga er opptekne av at elevane skal bli høyrt i saker som er viktige for elevane.

Elevrådskoordinator

Koordinator for elevrådet er sosialpedagogisk rådgjevar Cecilie Berger.

Cecilie Berger

Sosialpedagogisk rådgjevar for elevar på studieførebuande
Cecilie.jpg