Hopp til hovedinnhold

Vellukka samarbeidsmøte om lærekandidatordninga

Skulen informerer om lærekandidatordninga

Fredag 15. mars var 90 representantar frå skulane, rettleiingstenesta, NAV, bedriftar og grunnskulane i Sunnhordland samla på Stord hotell. Lærekandidatordninga stod i fokus. Rettlellingstenesta, Stord vgs og fleire bedrifter informerte om ordninga, og korleis me ilag får fleire ungdommar ut i arbeid etter endt utdanning.

Etter initiativ frå Stord vidaregåande skule og rettleiingstenesta Vestland sør, var rundt 90 representantar samla på Stord Hotell fredag 15. mars. 

Hovudfokus var å informera om lærekandidatordninga, og korleis denne kan sikre at fleire ungdommar blir ein ressurs i arbeidslivet. 

Det var eit breitt mangfald av bedrifter representert frå dei fleste næringane, frå store delar av Sunnhordland. 

Samlinga inneheld både informasjon frå Rettleiingstenesta og Stord vgs om ordninga, og fleire bedrifter delte og sine erfaringar med å ha lærekandidatar i opplæring. Kjekt å høyra om ungdom som lukkast, og som blir inkludert inn i eit arbeidsfellesskap. 

Innspel frå salen gir skulen motivasjon til vidare arbeid med ordninga, og konklusjonen er at tett samarbeid mellom alle partar er avgjerande for å få fleire ungdommar ut i arbeidslivet.