Hopp til hovedinnhold

Totalvraka bil for å fremje trafikktryggleiken

Trafikkdag

Heile skulen var nyleg samla på sportssenteret på Vikahaugane for å lære meir om korleis ein skal ferdast i trafikken på ein god måte.

Ein heil dag var sett av til arrangementet i regi av trafikkopplæringsbedriftene og Stord vgs. Med på laget hadde dei fått mellom anna politi, brannvesen, ambulanse, Trygg trafikk og NAF. Etter ei felles økt i starten vart elevane delt inn i mindre grupper som rullerte mellom ulike postar. På postane fekk elevane prøve korleis det er å oppleve at bilen du sitt i veltar rundt og rundt, og korleis ein skal kome seg ut av bilen når ein sit opp ned i sikkerhetselen. Eller korleis det er å oppleve ein krasj i 8-10 kilometer i timen. Elevane fekk også prøvd seg på korleis det er å redde ein person etter ei motorsykkelulukke eller korleis ein skal gjennomføre livreddande hjartekompresjon. På standen til Trygg trafikk fekk dei vite meir om kva som er lov og ikkje lov når det gjeld bruk av ståhjulingar, medan brannvesenet fortalde kva brannsløkkingsapparat som skal til for å sløkke ulike typar brannar.

Det mest spektakulære var då ei stasjonsvogn vart heist opp av ein kranbil og slept rett ned i asfalten. Stuntet skulle illustrere kva som skjer når ein krasjar i 80 km i timen, og kva nødetatane gjer når dei kjem til ulukkesstaden.

Til opningsøkta i idrettshallen var det lokale bandet Vvings hyrt inn for å sparke det heile i gang, og det gjorde dei til gangs på imponerande vis. I tillegg heldt psykologen Trond Haukedal eit inspirerande føredrag om kor viktig det det er at ein har det godt med seg sjølv og at ein framstår som den beste utgåva av seg sjølv både i trafikken og elles. At dagen var gjennomført i strålande sol, var også eit inspirerande element når ein skulle suge til seg all den viktige informasjonen som vart presentert i løpet av dagen.