Hopp til hovedinnhold

Teater Vestland med mobil-førestilling

Frå førestillinga @Ragnarok08

Det er alltid kjekt når ambulerande teater tek turen innom skulen vår for å setje opp framsyningar. Nyleg kom Teater Vestland på vitjing med førestillinga @Ragnarok08.

Framsyninga var ein slags techno-thriller, der fokuset er overvaking, teknologi, tillit og det å måtte ta stilling til vanskelege samfunnsdilemma. Alle elevane og tilsette som var publikum hadde fått utdelt kvar sin mobiltelefon i døropninga. Sentrale deler av handlinga vart formidla gjennom desse mobilskjermane. På mobilane kunne publikum følgje med på dei same tekstmeldingane, videochatten og appane som hovudpersonen, pizzabodet Kim, fekk opp på sin mobil. Men i tillegg kunne også publikum bruke mobilane til å engasjere seg i avsteminga om kva vegval hovudpersonen skulle ta i løpet av handlinga.

@Ragnarok08 er ei teaterframsyning som stiller spørsmål heller enn å gje ferdige svar. Mange av publikum lurte nok på kor vidt avstemmingane omkring hovudpersonen sine handlingsval reellt sett hadde noko innverkning på utfallet (på mobilane såg det ut til at det eine alternativet var bestemt på førehand). Men mogleg var dette heile poenget med teaterframsyninga. Er det slik at i eit digitalt overvåkingssamfunn er utfalla til dei tilsynelatande vala som borgerane gjer eigentleg bestemt på førehand? Slike tankar kan sjølvsagt skape grobotn for paranoia og konspirasjonsteoriar. Då vert ikkje vegen lang til at ein også begynner å lure på kven det er som eigentleg er forfattaren bak teaterstykket @Ragnarock. På nettsidene til Teater Vestland står Eva Dobos oppført som «omsetjar», men originaltittelen og originalforfattaren bak stykket vart det ikkje opplyst om. Og kvifor er oppsetjinga av teaterstykket eit samarbeid med Moster 2024? Har det norske folket blitt overvaka og ført bak lyset i 1000 år av mørke krefter som befinn seg i Mosterhamn? Som alle andre gode konspirasjonteoriar er denne tanken no blitt kasta ut der, for andre til å plukke opp, og sjølvsagt utan fnugg av bevis som kan byggje opp om teorien.