Hopp til hovedinnhold

Engasjerande om astrofysikk

Knut Jørgen Røed Ødegård

Korleis blir stjerner danna og finst det liv på Mars? Dette var berre nokre av temaa som astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tok opp då han vitja skulen vår.

Røed Ødegaard var lenge ein av våre mest kjende astrofysikarar, med fleire TV-opptredenar på samvittigheten. Sjølv om han ikkje er like aktiv i riksmedia i desse dagar, viser han framleis eit ekte og entusiastisk engasjement for alt som har med universet å gjere. I løpet av føredraget som han heldt i konsertsalen på skulen fekk han ved hjelp av bilete, animasjonar og lyd fortald elevane om mange av dei fenomena som finn stad på stjernehimmelen. Han sveipa innom korleis ulike typar stjerner oppfører seg og korleis dei slenger ut elektromagnetisk stråling, og om korleis dette vil påverke planetane som går i bane rundt slike stjerner. Han kunne også fortelje at sola vår om nokre milliardar år vil ese meir og meir ut og til slutt sluke Merkur, Venus og truleg Jorda også. Rød Ødegaard kom vidare inn på korleis det har vore store sjøar på Mars tidlegare, og korleis dette vatnet etter kvart «fordampa» ut i universet. Han påpeikte at det framleis er is på Mars og at det er observerte metanskyer som kan vere teikn på at det finst liv under overflata. Gjennom teleskop i verdensrommet klarar astofysikarane å finne teikn på vatn hjå lekamer i både vårt soslsystem, men også i planetar som finst i solsystem langt borte frå vårt eige. Kor vidt slike ansamlingar av vatn kan innehalde liv er framleis eit spørsmål som forskarane enno ikkje har funne svar på.