Hopp til hovedinnhold

Me søkjer eksamensvakter

Stord vgs søkjer eksamensvakter for gjennomføring av eksamen for privatistar og eigne elevar. I første omgang gjeld dette perioden frå 19. mai t.o.m 2. juni 2023, men me har og behov for vakter til eksamen før jul.

Du kan melda interesse for heile perioden, eller enkeltdagar.

Arbeidstida vil hovudsakleg vera frå kl. 08.15 til kl. 14-15.00. 

Arbeidet passar for studentar, pensjonistar og andre som har høve til å arbeida i denne perioden.

Arbeidsoppgåver

  • Registrera kandidatar ved oppmøte
  • Hjelpa kandidatar med pålogging PC/Mac
  • Vakthald i lokala, avdekka evt. juks, samt følgja kandidatane ut i luftepausar

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med kunnskap i bruk av data - nettlesar og pc/mac, forstå enkel problemløysing
  • Over 18 år, nøyaktig, påliteleg og punktleg
  • Lika å arbeida med menneske, snakka og forstå norsk
  • Du kan ikkje vera skuleelev eller oppmeld til privatisteksamen dersom du skal vera eksamensvakt

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer og kandidatar/elevar
  • Honorar etter gjeldande satsar

Nærmare informasjon og opplæring vil bli gitt i eit møte for alle eksamensvaktene i forkant av eksamensperioden.

Kan dette vere noko for deg?

Send oss nokre ord om deg sjølv, kva erfaring du har og kor mykje du evt. kan jobba, på epost: post.stv@vlfk.no innan 25. mars 2023.

Spørsmål? Ta kontakt med Cathrin Innvær Lohne på tlf. 45 61 43 40.