Hopp til hovedinnhold

Aktivitetsdag avslutta året 2023

Volleyballkamp

Årets siste skuledag vart nytta til felles aktivitetar for alle elevar og tilsette. Dei fleste hadde meldt seg på den tradisjonelle juleturneringa i volleyball, men det var også mogleg å ta del i baking av peparkaker, gaming eller speling av brettspel og kort.

Volleyballturneringa vart arrangert av vg3-elevane på idrettfag, slik tradisjonen har etablert seg. I år hadde arrangørane lagt inn ei lita finte i forkant av sjølve turneringa. Det vart gitt beskjed om at i staden for eit opiningsshow, slik det har vore vanleg å ha, ville det denne gongen bli diktopplesing i staden. Men etter den møysommelige deklameringa av diktet, entra idrettselevane parketten likevel og hadde eit heseblesande opningsshow.

Etter showet og litt info var det klart for sjølve turneringa. Dei som i staden for å spele volleyball ønska å vere med på baking, gaming eller kortspeling tok turen ned til i klasseromma på Saghaugen. Slik gjekk timane raskt med sosialt lag, tekniske bagger slag, hovne underarmar og nokre saftige smashballar innimellom. Til slutt stod ein igjen med finalen mellom vg2 automasjon og vg2 idrettsfag, der sistnemnde lag gjekk sigrande ut av kampen. Etter at rektor heilt til slutt takka av for eit kjekt arrangement og ønska alle ei retteleg god jul, var siste skuledagen i 2023 over.