Hopp til hovedinnhold

Vg3-elevar med fotoutstilling på museet

MK3-elevar med fotoutstililng

I samarbeid med Sunnhordland museum stiller elevane på medium og kommunikasjon vg3 no ut eigne fotografi i museet sitt hovudbygg. På opninga av utstillinga fekk publikum sjå ei imponerande samling kreative og stemningsfulle bilete.

Utstillinga har fått namnet "Ungt Perspektiv". Motiva på bileta er i all hovudsak museet sine bygningar og gjenstandar. På ulike vis har elevane gitt sine perepektiv på dei museale objekta, og skapar såleis nye historiar ut av kjeldene frå fortida. Utstillinga vil vere open fram til november. Ynskjer alle velkomen til å ta turen innom.