I det vi skriv mai månad pleier elevane på medium og kommunikasjon å reise opp til Bergen på dei Nordiske mediedagane. Her deltek dei på NMD Ung, eit arrangement for alle medieelevar i fylkeskommunen. I år valde vg2-elevane å ta turen opp igjen to dagar seinare for også å vere med på generalprøvane til Gullruten
Nordiske mediedagar er eit arrangement for folk som jobbar i mediebransjen. Kvart år i begynnelesen av mai månad går det av stabelen i Grieghallen. Arrangementet vert avslutta med utdelinga av Gullruten-prisane, som er ei kåring av dei beste TV-produksjonane i Norge. NMD Ung finn stad dagen før sjølve opninga av Nordiske Mediedagar og er retta inn mot elevar i vidaregåande som tek mediefag. På den vesle scenen i Grieghallen vert elevane presentert for føredrag og intervju med profesjonelle aktørar innanfor mediebransjen.
Frå skulen vår var det vg1 og vg2-elevane på medium og kommunikasjon som tok turen opp på NMD Ung. Frå scenen fekk dei høyre om korleis KI vert teke i bruk innanfor journalistikken, men også om korleis det er å jobbe for artisten Allan Walker som innhaldsprodusent for dei sosiale medie-kanalane hans, eller korleis NRK jobbar med å nå unge målgrupper gjennom plattformane sine.
Vg2-elevane valde å dra opp igjen til Bergen to dagar seinare for å vere med på genralprøvane til Gullruten. Her vart dei sett til å opptre som statistar for kjendisane som skulle kome på prisutdelinga dagen etter. Elevane fekk eit visst innsyn i korleis ein planlegg for ein slik stor direktesendt TV-begivenhet. Dei fekk også møte Hernrette Steenstrup som var årets programleiar for Gullruten, og fekk tatt selfiar i lag med henne.
