Hopp til hovedinnhold

Utflukt til Botnabreen

Ein fin gjeng med elevar og lærarar i geofag tok nyleg turen inn til Botnabreen i Kvinnherad. Her skulle dei sjå på korleis Folgefonna isbre har forma landskapet i løpet av dei siste istidene, og korleis brearmen til Botnabreen har trekt seg attende mange meter dei siste åra som følgje av klimaendringane.

Tidlig ein torsdag morgon satte ein gjeng geofag-elever seg i skulens minibuss og kjørte dan lange og svingete vegen inn til Nordrepollen i Kvinnherad. Herfra går det ein enno smalare og meir svingete veg opp til Jukla kraftstasjon. Takk til Tor Magne for trygg manøvrering av bussen. Fra Jukla kraftstasjon tok vi sekken på ryggen og vandra i storslått fjellandskap inn til Botnabreen. 
Målsettinga med denne turen var å sjå og forstå korleis breene gjennom dei 40 (eller fleire) istidene dei siste 2,6 mill.år har forma det norske landskapet. Få plasser i Norge kan du studere dette betre enn i dalane og fjella rundt Folgefonna. 
Botnabreen er ein utløper (dalbre)  fra Nordre Folgefonna. Botnabreen er ein av mange breer i Norge som NVE overvåker med såkalla frontposisjonsmålinger. Det er nøyaktige målinger som viser korleis posisjonen til brefronten endrer seg over tid.  
Som alle andre breer i Norge som NVE overvåker, har Botnabreen hatt ei betydelig tilbaketrekning dei siste åra. Dei nøyaktige målingane ved Botnabrea starta i 1996, siden da har brefronten trekt seg tilbake 317m. Tar ein utgangspunkt i eit flybilde fra 1959 er tilbaketrekninga 490m.  
Denne tilbaketrekninga fikk elevane sjå tydelige spor av i landskapet. Der breen har trekt seg tilbake, ligg berget i dagen lyst og blankskurt. Her kjem berggrunn fram som trulig har vore dekt av is i 4000 år. 
Sidan brefronten har trekt seg så mykje tilbake måtte vi finne ein ny rute for å nå brefronten. Men etter litt fram og tilbake fant vi tilslutt ei trygg rute og kom oss heilt fram til brekanten (sjå bilde)  
Ei flott oppleving i flott landskap, og som ekstra bonus solskinn og vindstille.