I 22 år har Stord vgs arrangert trafikkdag i samarbeid med Sunnhordland Trafikkopplæring. I år var det elevane på vg1 og vg2 som mellom anna fekk høyre psykologiprofessor Ståle Valvatne Einarsen snakke om korleis hjernen vår fungerer i trafikken.
Trafikkdagen var i år delt i to. Den eine delen vart avvikla i idrettshallen, der elevane i tillegg til å høyre på psykolog Einarsen også vart sett i grupper for å diskuterte problemstillingar knytt til utfordringar i trafikken.
Andre del føregjekk oppe på nyeskulen på Vabakkjen. Her var det fire stasjonar som elevane sirkulerte mellom. Som vanleg hadde nødetatane politi, brannvesen og ambulanse sine eigne postar der dei fortalde om korleis ein skal førebu seg og opptre ved ulukker i trafikken.
Det nye i år var at to representantar for havarikommisjonen også hadde sin eigen stasjon. Her fekk elevane høyre om korleis dei arbeidde med å rekonstruere korleis ei trafikkulukke mest sannsynleg hadde føregått. Folka frå havarikommisjonen hadde særleg fokus på dødsulukker der MC-førarar var involvert. Det overraskande var at overdreven fart svært sjeldan var ein utløysande faktor. Det var heller ikkje at førar ikkje hadde ustyret i orden eller at motorsyklane var særleg gamle. Ofte var det små tilfeldigheter som førte til at ulukkene fekk så fatale konsekvensar. Med styresmaktene sin 0-visjon når det gjeld dødsulukker i trafikken som bakteppe, vart det opp til kvar enkelt å reflektere på om dette i det heile tatt kan vere mogleg når små hendingar og tilfeldigheter ofte spelar så avgjerande rolle. Uansett la trafikkdagen i år opp til meir ettertanke og refleksjon heller enn dei hesblesande stuntene som har prega mange av dei tidlegare trafikkdagane.
