Hopp til hovedinnhold

Til Stord for å arbeide med klimaendringar

Deltakarar på Erasmus+prosjektet

Denne veka er skulen vertskap for eit Erasmus+prosjekt som involverer elevar frå fire ulike land.

Elevane som har tatt turen hit til Stord kjem frå vidargåande skular i Finland, Frankrike og Hellas. Gjennom prosjektet Climate Change in a Digital Era skal dei studere klimaendringane og sjå på korleis det er mogleg å arbeide i lag med å finne måtar å stogge den negative utviklinga. I første delen av opphaldet vil elevane arbeide med prosjektet her på skulen. Dette med tanke på å bli betre kjend med kvarandre, så vel som med elevane her frå Stord vgs som også deltek på prosjektet.

Høgdepunktet for turen må likevel seiast å vere ekskursjonen til Steinparken i Rosendal og fjellturen opp til Folgefonnbreen. Her skal elevane sjå om dei kan finne teikn på moglege endringar i klimaet på bakgrunn av geologiske avsetjingar og frå isbreen. Opphaldet her på Stord er ei av fire samlingar som vil finne stad i løpet av prosjektet. Dei andre samlingane vil finne stad i dei respektive landa til deltakarane. Då vil det altså vere våre elevar som tek turen utanlands.