Hopp til hovedinnhold

Info om skulestart

Kart over skulane

Oppmøte til fyrste skuledag er 13. august. Alle Vg1-elevar møter kl. 08:00 for å treffe kontaktlærar og elevmentorar. Har du fått skuleplass på yrkesfag; Bygg, Elektro, Sal, service og reiseliv, IT og medieproduksjon eller Teknikk og industrifag skal du møta på Vabakkjen. Har du fått skuleplass på studieførebuande; Musikk, Idrett, Media eller Studiespesialiserande skal du møta Saghaugen. Oppmøte for alle Vg2 og Vg3 elevar er kl. 09:30 i Nyehallen på Vikahaugane

Me gleder oss til å bli kjent med nye elevar og ser fram til å møte deg som har gått her før. Saman skal me ta fatt på eit lærerikt og spennande skuleår.

Dei fyrste dagane legg me til rette for at elevane skal bli godt kjent med kvarandre, skulebygga våre og med reglar og rutinar som er viktige for opplæringa.

PC til bruk på skulen
Alle elevar treng PC eller Mac i opplæringa. Viktig info om Vestland fylkeskommune sin PC-ordning finn du her.

Utstyrsstipend
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande skole har rett på utstyrsstipend.
Du kan søke om stipend når du har fått vite kva utdanningsprogram du har kome inn på. 
Les meir og søk på lanekassen.no når du har fått skoleplass.

Skolerute 
Info om skoleruta finn du her.

Digital lånekontrakt
Alle VG1-elevar må signere ein digital lånekontrakt for å låne fysiske bøker og anna materiell. 
Lenkje til digital lånekontrakt for signering

Skuleskyss
Elevar som har meir enn seks kilometer skuleveg har i utgangspunktet rett på gratis skuleskyss. Les meir om skuleskyss på Skyss sine nettsider. For å leggje inn søknad om skuleskyss kan du gå inn på denne lenkja.

 

Vel møtt!