Hopp til hovedinnhold

Skulestart for skulåret 23/24

Samling i idrettshallen på Vikahaugane

På den første skuledagen etter sommarferien var det felles samling for alle elevar og lærarar i idrettshallen på Vikahaugane. Blant dei nye vg1-elevane herska det nok ein litt nervøs og spent stemning, medan følelsane hjå vg2- og vg3-elevane truleg veksla mellom glede over å sjå skulekameratane igjen, men òg tristesse over at ferien no definitivt var over.

I løpet av samlinga fekk dei oppmøtte med seg gode ord frå rektor. I tillegg møtte publikum også elevmentorane og skulen sine elevtenester, som saman skal bidra til at skulekvardagen blir trygg og god for alle. Innimellom fekk ein servert vakker song frå tidlegare elevar ved skulen. Etterpå var det tid for å finne i lag med resten av dei elevane og kontaktlæraren som ein skal gå saman med i eitt skuleåret framover. Fram til at ein på ny kan begynne å tenke på soling, bading, iskrem og nok ein gong leggje alt som har med skulearbeid å gjere bak seg.