På ny var elevane samla i idrettshallen for å bli ynskt velkomne til eit nytt skuleår. Tribunen i idrettshallen klarte berre så vidt å gi plass til dei 865 elevane som møtte opp første skuledag for å ta til med det nye skuleåret. I veka som kjem vil også dei som skal gå vaksenopplæring og innføringskurs troppe opp. Mange var nok spent på kven dei kom i klasse med og kva kontaktlærar dei ville få. I rektor sin tale til elevane blei det lagt vekt på at elevane skulle ha fokus på kunnskap og vennskap, slik at alle vart inkludert og kan vere seg sjølv på skulen vår.
Skulestart
