Sjølv om Marshallveggene på scenen i konsertsalen berre var kulissar, vart det likevel bra trøkk då elevane på Tilrettelagt opplæring inviterte til konserten «School of rock.
Har Stord vidaregåande gått heilt av hengslene? Er skulen blitt arnestad for samfunnsopprør og nihilisme? Har elevane snudd ryggen til karakterjag og klasserommets kadaverdisiplin? Nei, slapp av, det er berre Tilrettelagt opplæring som hadde gjort skulen om til «School of Rock» i samband med framføringa den årlege vårkonserten sin.
I løpet av den drøye halvtimen som konserten varte kom klassiske rockeperler trillande som på ei snor. Backing bandet var tett og tydeleg godt innøvd. Vokalistane og koret klarte til tider å få med publikum på trampeklapp og oi-ing, men her kunne nok langt fleire i salen slept seg laus og latt «rockefoten gå».
Konserten vart avslutta med Black Sabbath sin rockeballade «Changes», der særleg den siste vokalprestasjonen var med på å gi låten eit sårt, men absolutt spennande country-preg over seg. Kan ein håpe på at neste konsert frå Tilrettelagt opplæring vil handle om roots og americana-basert musikk? I så fall er det fleire enn Tobias Steen som bør vite si besøkelsestid.
