Hopp til hovedinnhold

Psykologi-elevar på ekskursjon til Valen sjukehus

Elevar som blir fortald om Valen sjukehus inne på eit av pasientromma

24. april var elevane som tek Psykologi 2 på ekskursjon til Valen psykiatriske sjukehus. Turen er blitt ein årviss tradisjon og markerer ei god avslutning på temaet psykisk helse. Spesialsjukepleiar Marie Schille var guide for dagen i Kvinnherad. Elevane møtte òg ein erfaringskonsulent som delte sterke og engasjerande refleksjonar om livet med psykisk sjukdom

Elevgruppa fekk omvising rundt om på dei ulike miljøterapeutiske tilboda, mellom anna arbeidsstove og musikkverkstad. Dagen vart avslutta med ei tankevekkjande omvising i museumsutstillinga ved sjukehuset, leia av Reidar Handeland. Samlinga viser utviklinga av institusjonen, som har vore ei viktig hjørnesteinsbedrift sidan oppstarten i 1910. Her fekk elevane sjå historiske gjenstandar, dokument og fotografi som belyser utviklinga av psykiatrisk behandling, samt gir innsikt i pasientliv, behandlingsmetodar og sjukehuset si rolle i norsk helsehistorie.