Alle elevane var samla i idrettshallen då Berekraftvekene 2022 vart offisielt opna
I to veker fram mot vinterferien vil skulen ha ekstra fokus på FN sine berekraftmål. For å kaste glans og stå for den offisielle opninga av årets berekraftveker, var ordførar Gaute Epland invitert til samlinga som fann stad i idrettshallen på Vikahaugane. Han fortalde om korleis kommunen er ein av samarbeidspartnarane til skulen i løpet av desse vekene og korleis kommune arbeider med berekraftmåla. Kay Grieg frå FN-sambandet sin regionavdeling sør-vest hadde også tatt turen for snakka om kvart av dei 17 måla. Han kunne også opplyse at det omfattande programmet som det vert lagt opp til, gjer skulen sine fokusveker på berekraft til dei mest omfangsrike blant landets vidaregåande skular.
I tillegg til alle dei fagre og kloke orda, stod musikklinja og elevar på meistring og utvikling for flott musikk innimellom. Ekstra kjekt med årets opning av berekraftvekene var at alle elevane for første gong på veldig lenge endeleg kunne samlast under sama tak i idrettshallen.

