Skuelystne gjester som hadde tatt turen innom skulen på Open dag fekk eit rikt tilfang av smakebitar på alt det som dei ulike linjene og utdanningsprogramma har å tilby av undervisningsaktivitetar.
Både på Vabakkjen og på Saghaugen myldra det bra då skulen nyleg arrangerte Open dag. Målet var å gi elevar på ungdomsskulen og foreldra deira eit breiare kunnskapsgrunnlag når dei no snart skal velje kva skule og utdanningslinje som kan vere aktuell med tanke på den vidaregåande utdanninga som dei skal ta. Aktivitetane som fann stad på skulen denne dagen var i stor grad knytt til dei årlege berekraftvekene som Stord vgs arrangerer. Men det var ògså andre typar konkurransar, øvingar og utfordringar som ein kunne delta på. Alle ungdomsskuleelevar som tok turen innom eitt av dei to skulebygga og som registrerte seg med namnet sitt, var også med i trekninga av ein iPad. Ingen skulle trenge å gå tomhendte frå arrangementet, korkje på inntrykk eller på næring, då det også vart delt ut gratis pølser i brød til alle som ville ha.
