Hopp til hovedinnhold

Nytt Vg2 tilbod ved Stord vgs

Stord vgs får ei kombinasjonsgruppe Vg2 Overflateteknikk og Vg2, Klima energi og miljø (KEM).

Etter initiativ frå lokalt Inæringsliv har hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke vedteke at det vert oppretta eit Vg2 tilbod innan faga Overflateteknikk og Klima, energi og miljø på Stord. Lenke til saka hos fylket.

Det har vore fleire samarbeidsmøte mellom Aker Solutions, Ytre Sunnhordland opplæringskontor (YSO), Fitjar Mekaniske Verkstad og Stord vidaregåande skule

Sjølve opplæringa vil gjennomførast i eit tett samarbeid mellom skulen og Aker Solution der delar av opplæringa vil gjennomførast på Aker Solution sitt verft på Stord.

Tilbodet vil vera eit av vala i Vigo for alle som går på Vg1 Byggfag. Etter Vg2 kan ein søka desse lærefaga

  • Isolatørfaget
  • Tak- og membrantekkjarfaget
  • Ventilasjons- og blekkslagarfaget
  • Industrimålarfaget
  • Malar- og overflateteknikkfaget

Lenker: