Hopp til hovedinnhold

Med fascinasjon for oppfinningar

Bokbading av Bår Stenvik

Falturiltu-festivalen er no i gang. Elevane på Tilrettelagt opplæring nytta anledningen til å invitere forfattar Bår Stenvik til å bli bokbada i skulen sin konsertsal.

Forfattar og frilansjournalist Bår Stenvik har gitt ut fleire bøker. For det meste faktabøker, men også ei roman. Den siste i rekkja er ei bok om ulike oppfinningar og kva følgjer dei har hatt for samfunnet. "Ti utrulege oppfinningar", som boka heiter, var utgangpunktet for presentasjonen som Stenvik starta med å halde for den fulle salen med elevar og lærarar. Seansen gjekk etter kvart over til eit meir tradisjonelt bokbad, der forfattaren fekk spørsmål frå to elevar og miljøarbeidar Endre Olsen. I løpet av samtalen fekk ein vite meir om kva Stenvik sjølv synst er den kulaste og viktigaste oppfinninga. Svaret hans var kanskje litt overraskande ikkje ei konkret oppfinning i seg sjølv, men meir ein metode for å utvikle og sjekke at ei oppfinning verkeleg fungerer, nemleg "Den vitskaplege metoden" (altså metoden som vitskapane nyttar for å sjekke at hypotesar/oppfinningar er korrekte). Stenvik fortalde også om kva som gjorde at han valde å bli forfattar og korleis han jobbar med bøkene sine.

Som start og avslutning på bokbadet fekk publikum høyre TO-gjengen framføre to låtar, først ein sjølvlaga, før dei avslutta med ein cover av The Weekend. På denne måten fekk dei også annonsert at konserten som dei pleier å ha på våren, til neste år kjem til å dreie seg om punk-sjangeren. Spennande!