Hopp til hovedinnhold

Julegensardag og pop-up-konsert i kantina

Pop-up-konsert i skulen si kantine

Torsdag 14. desember var utpeikt som dagen der elevar og tilsette vart oppfordra til å ta på seg julegensar og anna julebekledning. Mange hadde følgd oppfordringa, sjølv om det nok har vore enda større oppslutning om idéen tidlegare. Som eit krydder til dagen vart det også arrangert pop-up-konsert i kantina i lunsjpausen.

Blant songane som vart framført under pop-up-konserten var det mellom anna ukrainsk og islandsk julesongar. Veldig modig og imponerande av elevane som stilte opp for å underhalda ei fullsett kantine. Artistane vart akkopagnert av miljøarbeidar Endra, som også hadde lagt seg i selen når det gjaldt julegensarbekledning.