Hopp til hovedinnhold

Juleavslutning med volleyball og aktivitetsdag

Volleyballturnering

Siste skuledagen før juleferien har blitt synonymt med volleyballturnering og aktivitetsdag for både elevar og tilsette.

I idrettshallen stod vg3-elevane på idrettsfag tradisjonen tru for arrangeringa av den årlege julevolleyballturneringa. Brorparten av klassane på skulen hadde samla nok elevar til å kunne stille eit lag som skulle forsvare klassen si ære. I tillegg hadde lærarar heile tre lag påmeldt. Leiinga ved skulen kunne ikkje vere dårlegare og hadde også skrapt i saman ein mannsterk tropp. Mange av laga hadde funne på artige og vittige namn på laget sitt. Friske ballvekslingar vart utkjempa i løpet av dagen og innsatsen var høg på alle banane. Enkelte hadde også lagt ned ekstra flid i å kle seg ut for dagen. Dei av elevane som ikkje ønska å delta i volleyballturneringa hadde tilbod om ulike aktivitetar i skulen sitt bygg på Saghaugen. Her kunne velje mellom å bake peparkaker, spele brettspel, game eller sjå film. På slutten av dagen vart alle samla i idrettshallen der rektor kunne runde av det heile og ynskje alle ei god jul.