For at ungdomsskuleelevane skal kunne ta eit betre og meir gjennomtenkt val om vidare utdanning, har Stord vgs pleid å invitere 9. klassingane ved alle ungdomsskulane på øya til ein dag med hospitering ved skulen vår.
I år kom 9. klassingar frå Nysæther, Nordbygdo og Stord kristne skule den første dagen. I tillegg hadde 4 elevar frå Tysnes fått klarsignal til å henge seg på. Elevane vart inndelt i mindre grupper, før dei roterte rundt på dei ulike utdanningsprogramma og fekk orientering om kva linjene går ut på og kva moglegheiter dei har etterpå. Elevane var innom både yrkesfaga på Vabakkjen og dei studieførebuande linjene på Saghaugen.
Dagen etter var det klart for elevane frå Stord ungdomsskule og Rimbareid. Når elevane til neste år går i 10. klasse, vil dei få høve til å velje seg eitt av Stord vgs sine programfag og hospitere på denne utdanningslinja ein heil dag.
