Hopp til hovedinnhold

Framtidsretta utdanning

signering av lærlingkontrakt

Marcus Andreas Skålevik vart den første eleven ved Stord vidaregåande skule som fekk underteikne lærekontrakt innan det nye lærefaget IT-utviklar.

Signeringa av lærekontrakten fann stad under samarbeidsmøtet «Med rett utdanning inn i framtida», der representantar for skulen og næringslivet i Sunnhordaland møttest. I dei to neste åra skal Marcus Andreas jobbe for den lokale IT-bedrifta Ilder AS, før han altså går opp til fagprøven. Til stades for å underteikne kontrakten var også leiar for Ilder, Tor Gjøsæter, og leiar for rettleingstenesta Vestland sør, Ragnhild Ravna Skjærvik.

Over 60 representantar for næringslivet i regionen hadde vald å ta turen til skulen sitt yrkesfagbygg på Vabakkjen for å delta på møtet onsdag denne veka. Dei frammøtte fekk høyre kor viktig eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv er. Områdeleiar for dei vidaregåande skulane i Vestland, Sissel Øverdal, var den første til å ta ordet. I innlegget sitt trakk ho fram behovet for å skape så realistiske opplæringssituasjonar som mogleg for elevar og lærlingar. Til dette treng ein spisskompetansen som arbeidslivet sit på, men òg mykje av det spesialiserte utstyr som berre dei enkelte bedriftene har tilgang til. - Vi kan nå lenger saman, oppsummerte Øverdal det med.

Leiar av Stord næringsråd, Anne-Grete Sandtorv, valde å peike på endringane og omstillingane som arbeidslivet står andsynes, slik som det grøne skiftet og eldrebølgja. Til å takle desse utfordringane treng næringslivet arbeidskraft som har den rette kompetansen. Etterspurnaden er så stor at det er ein kamp om 15-åringane, meinte ho. Her spelar rettleiingstenesta ei viktig rolle med tanke på å formidle til ungdomane kva utdanningar og yrker som næringslivet har behov for. Sandtorv påpeikte at det i tillegg var rom for sjå regionen vår meir under eitt og få til eit tettare samarbeid mellom næringslivsaktørane som finst i Sunnhordland. Men dette gjeld også mellom dei vidaregåande skulane som er her, la ho til.

Knut Eide Løkhammer var den av talarane på møtet som representerte bedriftene ein finn i regionen. Løkhammer er leiar for utviklingsavdelinga i det internasjonale konsernet GroupM. Konsernet er eit mediebyrå som hjelper andre store bedrifter og organisasjonar med å tilretteleggje marknadsføringa deira. Løkhammer var glad for at Stord vidargåande skule no hadde fått på plass det nye utdanningsløpet innan informasjonsteknologi og medieproduksjon. Ved å munne ut i eit lærefag er utdanninga med på fremje IT og programmering som eit handverk. Løkhammar meinte at ungdomar som vel ei slik utdanning får ein kompetanse som er aktuell for meir eller mindre alle verksemdene som var til stades på møtet, langt utover dei som kan definerast som reine IT-bedrifter.

På slutten av møtet var det lagt opp til at bedriftsrepresentantane kunne gå rundt og treffe lærarane på dei ulike yrkesfagutdanningane. Ein slik kontaktflate mellom skule og næringslivet er nok viktig om ein skal utdanne fagarbeidarar med den rette kompetansen som arbeidslivet har behov for.