Hopp til hovedinnhold

Engasjert valdebatt

Panelet som stilte til valdebatt

Representantar frå åtte av ungdomspartia stilte til debatten som alle elevane kunne få med seg i idrettshallen på Vikahaugane.

Fylkes- og kommunevalet står snart for døra. Skulevala går som vanleg av stabelen ei vekes tid i forkant. Her på Stord vgs vil skulevalet til å finne stad den 5. september. Mange av elevane er førstegangveljarar, og for å gi alle elevane litt innsikt i kva dei ulike partia står for vart det nyleg arrangert valdebatt i idrettshallen på Vikahaugane. Åtte av ungdomspartia til partia som er representert på Stortinget stilte til debatten. Ungdomsrepresentantane som deltok var i det store og heile saklege og engasjerte i løpet av den drøye timen som debatten fann stad, og kom inn på mange sider av sin eigen politikk på områda skulepolitikk, klima og på samferdsel, som var dei tre overordna temaa som var blitt bestemt på førehand. Elevane Edvard André Ingvaldsen Nessestrand i 2 SRLA og Mathilde Caldwell Nødland i 3STC leia debatten på ein god måte og myndig måte, med assistanse frå Robert L Øiordsbakken, 2ITKA og Miriam Kobbeltvedt, 3STA, som utgjorde sekretariatet. Etter debatten var det klart for valtorg, der mange av elevane nytta høve til å snakke med ungdomspolitikarane på tomannshand.