Hopp til hovedinnhold

DKS-førestilling del av berekraftvekene 2025

Bilete frå førestillinga "Høre hjemme - hvor er røttene mine?"

Skulen sin berekraftveker er no i gang igjen. Ein av postane på årets program var musikkførestillinga "Høre hjemme - hvor er røttene mine?"

Skulen sine bærekraftveker går no av stabelen, og som hånd i hanske er Den Kulturelle Skulesekken (DKS) samstundes på turne med førestillinga "Høre hjemme - hvor er røttene mine?". Førestillinga handlar om historia til artisten Mugisho Nhonzi, om den dramatiske flukta frå Kongo og korleis han enda opp i Noreg. Gjennom pop-rap framføringar og videoar på storskjerm formidla Mugisho om korleis det var å vekse opp her til lands med ein annan hudfarge og det å stå i spennet mellom to ulike kulturar. Førestillinga passa slik sett til både berekraftmål 3 om "God helse og livskvalitet" og bærekraftmål 16 "Fred, rettferdighet og velfungerande institusjonar".