Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Kvifor velje sal, service og reiseliv?
Dette utdanningsprogrammet gjev ei allsidig utdanning og opnar for mange spanande karrieremoglegheiter. Dette er yrke der service og kommunikasjon står i høgsetet.
Aktuelle fagbrev er:
- Reiselivsfaget
- Salsfaget
- Service og administrasjonsfaget
- Tryggleiksfaget
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.
Uansett kva fagbrev du ynskjer å ta så går alle VG1+VG2 Sal, service og reiseliv.
Ein kan og søkje VG2 Transport og logistikk etter VG1 sal, service og reiseliv. Då kan du ta fagbrev innan kran- og løfteoperasjonsfaget, logistikkfaget eller yrkessjåførfaget.






