Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Gode kunnskapar i norsk språk og kultur er føresetnader for å lykkast i vidaregåande opplæring. Som elev i innføringsklasse får du prøve ulike metodar og strategiar for å lære norsk, og du lærer deg studieteknikk. Du kan gå eitt eller to år i innføringsklasse. Målet er at du skal nå nivået B1+ i norsk, då vil du ha eit godt språkleg grunnlag for å starte på ordinær vgs.
Kva er innføringskurs?
Innføringskurs er eit norskkurs for minoritetsspråklege søkjarar i alderen 16-18 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram. På innføringskurs kan du få opplæring i fleire fag, men hovudfokuset er på norsk munleg og skriftleg. Vi kartlegg alle deltakarar ved oppstart, og tilpassar undervisninga til nivået ditt. Vi har som mål at deltakarane skal nå B1+ ved kursslutt, anten deltakaren har gått eitt år eller meir.
På innføringskurset får du grunnleggjande informasjon om utdanningssystemet i Norge. I løpet av skuleåret jobbar deltakarane med ulike prosjekt, for å lære om yrke og utdanningsvegar. Deltakarane får òg høve å hospitere på eitt eller fleire utdanningsprogram, slik at dei skal bli tryggare på kva utdanning dei ønskjer.
Innføringskursa har maksimum 15 deltakarar per gruppe, og undervisninga varer frå kl. 08.00 til kl.13.40 kvar dag.
Innhald på innføringskurs
Innhaldet på innføringskurset varierer frå gruppe til gruppe. Vi har fleire grupper, der nokre av gruppene har stort fokus på norsk og samfunnskunnskap, medan andre grupper tilbyr opplæring i fleire fag. For nyankomne er det viktig å kome godt i gang med opplæringa i norsk, og hovudfokuset ligg der. For deltakar som er på A2 nivå eller høgare, tilbyr ein gjerne fleire fag. Vi legg og tilrette for at deltakarar med høgt nivå kan hospitere i valfritt utdanningsprogram ein periode, om ønskjeleg.
Fellesfag på innføringskurs:
- Norsk
- Engelsk
- Samfunnskunnskap
- Matematikk
- Naturfag
- Kroppsøving
Kven kan søkje
Du må ha fylt 16 år, ha lovleg opphald i Norge, og ha fullført grunnskleopplæring eller tilsvarande.
Kontinuerleg inntak
Dei siste åra har skulen teke imot nye deltakarar gjennom skuleåret. Det betyr at om ein deltakar flyttar, vil det vere ein ny deltakar som får tilbod. Vi har mange deltakarar som bur midlertidig i regionen vår, det betyr at me vil ha ledige plassar gjennom skuleåret. Vi har fulle klassar, og nye søkjarar får eventuelt plass på venteliste etter den datoen dei er innsøkt.
Lokale
Innføringskursa vert haldne i skulen sine lokale på Saghaugen (modulbygget).




