Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

Ein collage av elevar som driv med ulike typar idrett, og med solnedgang i bakgrunnen

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor velje idrettsfag?

Likar du å utfordre deg sjølv, anten som idrettsutøvar eller gjennom allsidig idrett? Ønskjer du mange sterke fellesskapsopplevingar i eit trygt miljø basert på fagleg kompetanse, grunnleggjande verdiar og tett oppfølging? Ja, då er idrettsfag på Stord vgs noko for deg.

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Tre år på Idrettsfag

Første skuleåret, vg1

På vg1 må du velje mellom topp- eller breiddeidrett og mellom praktisk (P) eller teoretisk (T) matematikk.

Det er viktig å bli kjent med klassen og kome i gang med gode rutinar for trening og undervisning.

Skulen har gode rutinar for dette og legg stor vekt på å kommunisere både med elevar, føresette og trenarar for å gjere overgangen til den vidaregåande skulen så god som mogeleg.

Det blir gjennomført fleire turar på vg1, mellom anna dreg me på  vintertur og telttur.

Andre skuleåret, vg2

På vg2 får du to nye obligatoriske programfag, treningsleiing og idrett og samfunn.

Du kan velja matematikk som fører fram til spesiell studiekompetanse.

Det er òg fleire turar på vg2, mellom anna ei veke på treningsleir til Barcelona, kanotur og fjelltur.

Tredje skuleåret, vg3

På vg3 har du litt færre fellesfag og det er mogeleg å konsentrera seg litt meir om programfaga.

Har du ambisjonar om spesiell studiekompetanse, må du gjera val omkring det.

Det blir gjennomført fleire turar på Vg3 òg, mellom anna valfri tur organisert av elevane til toppidrettssenteret med innlagt landskamp i fotball, og vintertur med overnatting i snøhole.

Spissa toppidrett

Elevar på høgt nivå i sin idrett, kan få spissa toppidrettsstatus. På dette viset kan ein få utvida tid til trening, tilrettelegging og oppfølging, bl.a. av Olympiatoppen. Dette gjeld for alle utdanningsprogram

På Stord vgs har me tru på ein helheitleg utvikling. Spissa toppidrett legg til rette for at du kan kombinere utdanning og idrettsleg satsing på høgt nivå for å nå måla dine. Det tek tid å nå toppen, derfor er det no mogleg å få meir tid til trening og mulighetar for å delta på konkurranser og samlinger, samstundes som du får oppfølging på det skulefaglege.

Om du får spissa idrettsstatus, vil du få tilgang på gode treningsfasalitetar og oppfølging som sikrar ein god kontroll på totalbelastninga.

Du får også tilgang på Olympiatoppen sine fagpersonar, bla innan kraft/styrke, testing, ernæring og mental trening.

Me har fokus på eit tett samarbeid mellom utøvar, klubb, landslagstrenar, Olympiatoppen og skule.

www.spissettoppidrett.no

Idrett oksygenmål.jpg

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her finn du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane. Har du ikkje bestemt deg for kva utdanningsløp du vil ta, kan du få gode tips på utdanning.no.