Elevane som går på vg3 idrett kom nyleg heim frå treningsleir i Spania, og kunne melde om at dei hadde hatt ein fantastisk og innhaldsrik tur.
Gjennom veka fekk elevane prøve seg på eit variert aktivitetsprogram med mellom anna snorkling, terrengsykling, havkajakk, strandvolleyball, jogging, styrketrening og diverse beach-idrettar. Mange av elevane fekk også med seg fotballkampen mellom Primera Division-laga Elche og Español.
Eit lite høgdepunkt var fotballturneringa mot elevar frå andre skular som også var på tur til Spania i den same tidsperioden.
Lærarane som var med kunne skryte av ei stolt og flott elevgruppa, som viste engasjement, samarbeidsevne og idrettsglede gjennom heile opphaldet!
