Engasjementet til ungdomspolitikarane var upåklageleg då alle elevane var samla i sportssenteret på Vikahaugane for å få med seg partidebatten mellom ungdomspartia. Dei tre hovudtemaa for debatten var skulepolitikk, økonomi og tryggleik.
Til liks med dei andre vidaregåande skulane, skal også Stord vgs avholde skuleval i samband med årets Stortingsval. Skulevalet ved skulen vår vil finne stad 1. og 2 sept. For at elevane skal ha eit godt utgangpunkt til å finne ut kva parti dei vil stemme på, vart det difor avvikla partidebatt med representantar frå ungdomspartia til dei partia som per i dag er representert på Stortinget. Debatten vart gjennomført med høg temperatur og skarpe ordvekslingar. Etter debatten vart det arrangert valtorg der elevane kunne gå rundt til partia sine stands og snakke direkte med representantar for ungdomspartia.