I år kunne elevane på Tilrettelagt opplæring (TO) arrangere jolemarknaden sin i skulen sine nye lokale på Vabakkjen. Mange tok turen innom og elevane sine produkt fekk raskt bein å gå på.
Onsdag 27.november var det nok ein gong klart for TO sin årlege julemarknaden. Elevane på TO kunne tilby både bakevarer, heimesnikra julegåver og levande musikk til dei som tok turen innom. Pengane som elevane tente på salet av julevarene går til ungdomsbedrifta "Go driv UB", og er eit viktig bidrag i opplæringa deira. Gjennom å jobbe med ungdomsbedrift som metode får elevane reell arbeidstrening og får øvd seg på marknadsføring, rekneskap og dugleikar som krevst i eit arbeidsliv. Takk for besøket til alle som vitja oss, og velkommen til nye kundar neste desember.
