Hopp til hovedinnhold

Test av ny eksamensløysing

Elev som testar Safe Exam Browser

Elevar ved skulen vår gjennomførte nyleg ein test av det som framover kan bli den nye løysinga som skal hindre juks på eksamen.

Våren 2026 vil skriftleg eksamen i faga engelsk, spansk, tysk og geofag 2 bli gjennomført ved bruk av Safe Exam Browser (SEB). Dette er eit program som elevane må lasta ned på datamaskina si før eksamen, og som hindrar at elevane under eksamen får tilgang til andre ressursar som dei har lasta inn på maskina på førehand. Det er altså tenkt at om eitt år eller to skal dei fleste eksamenane bli gjennomført på denne måten.

Onsdag 8. april gjennomførte elevar i dei ovannemnde fag ein test på korleis SEB vil fungere i praksis. Testen var delvis vellukka, men nokre elevar hadde litt problem med å kome inn på test-eksamensoppgåva etter å ha installert sjølve SEB-programmet.

Fylkeskommunen og Utdanningsdirektoratet vil no få tilbakemeldingar på korleis testen gjekk, og så vil det bli gjort eit nytt testforsøk den 20. og 21. april.